lørdag 27. juli 2013

Gav opp Monster High-broderiet…

Det trøbla seg med fleire fargar, og ikkje syntes eg at det blei så fint heller. Da var nok ikkje så bra/nøye stingsatt. Uansett kva årsaken var, eg fann på noko anna. Nå blir det ein gresskar-applikasjon i stadet for. Trur det kan bli like tøft, eg.

Ho er ikkje heilt ferdig brodert, men beina skal vere det og nokre deler rundt anlete/håret og, og der kan de sjå at det grøne skin mellom. Ikkje så bra, tykjer eg. I tillegg trekker stinga stoffet litt saman og.  *sukk* Såg _så_ bra ut på dataen…

2013-07-27 20.47.59

Ferdig utskåret, men her ser de berre vrangsida. På framsida sit framleis papiret på. Håpar det blir så bra som eg ynskjer det skal bli.

2013-07-27 21.43.17

Ingen kommentarer: