søndag 7. mars 2010

Meir snøglede..

Snuppå meinte at det var for gale at me ikkje hadde snømann i hagen. Det var tydeleg at alle familiar med respekt for seg sjølve har det.Ungane fekk på seg dress og vottar, medan mammaen satte seg i døropninga i berre t-skjorte. Skikkeleg herleg å sitje i solveggen (særleg medan ungane leikar heilt for seg sjølve) Kosa oss med kjeks og, men det var etter at "Prinsesse snøkvit" var ferdig laga.Ikkje lett å sjå, men ho har diadem på, i tilleg til ordensband. Sola er så sterk no, at ho har alt sunke saman og ramla... :(

...men våren er på veg, for me har alt fått den første store, feite og svarte flua surrande i stova.

2 kommentarer:

Shamu sa...

Snømmen og snødamer må man ha! Herlig vinter/vårstemning.

Kaoz sa...

Flotte vinterbilder, og fin,fin snøprinsesse=)