søndag 1. november 2009

Nedtur...

I går fekk eg sydd bittelitt, og Dina (maskina mi) oppførde seg fint. I dag hadde eg planar om å komme litt vidare med kjolen min, når veslebror i huset skulle ha formiddagskvilen sin. Skulle til å sy, men maskina ville berre sy bakover. Eg testa, og reingjorde spolehuset, men det hjalp ikkje. Eg kunne ikkje ein gong velgje saum, for ho fann berre frm ein annan saum til meg då. Truleg er det noko med elektronikke som har hengt seg opp, men eg veit ikkje om eg kan restarte maskina på noko vis. Eg er i hvertfall sur og lei, når eg så gjerne ville sy i dag. Eg ynskje så veldig å bli ferdig med kjolen snart, for eg tykkjer han blir så fin. Jaja, eg får finne på noko anna handarbeide då.

Ingen kommentarer: