onsdag 18. mai 2011

Annerledes dag og mange tanker.

Mange tanker om kva som skal skje eller skjer om dagen. Midt oppi dette skal vi vere kreative og skapande. Ikkje feil det, alltid.
Dette er mitt ubrente produkt kreert i dag. Oppgava er "VEKST" og her er det assosiasjonar til hender, stjerner og vikinggrav... sett frå mitt synspunkt ;-)
Tankeprosessen var innom "Reach for the stars", "Saman er me sterkare" og midt i prosessen kjem ein tanke om at det ikkje er håp, framgang, vekst, utviking og mål å hige etter når livet er slutt.
  • Hender forma som "skål". Gje nokon eit dytt i ny retning, oppover.
  • Stjernene som vi fanger, tek vare på, er måla vi forsøker å nå. (jada, de er runde)
  • Den "åpne hekken" er tanken på båt... seiler der vind og strømmer fører men og vikinggravferd, der den avdøde blir sendt ut på havet og alt håp og framdrift siv ut i kjølevatnet av båten når livet er slutt, men heldigvis ikkje før.

Håper å kunne sette eit telys i, som ei leiestjerne.




2 kommentarer:

kaoz sa...

stilig og kreativt :D

Og spennende og se hvordan strikkeprosjektet vokser.

Soltoppen sa...

Takk, Kaoz.